1,1 milliardar kroner i utbytte frå Eviny

Publisert 12. februar 2026

Styret i Eviny legg til grunn eit utbytte på 1 103 millionar kroner for 2025. Det er 57 millionar kroner meir enn i fjor, og kjem dei offentlege eigarane til gode. Framover har Eviny store planar for investeringar i både nett, kraftproduksjon og lønsam elektrifisering.

To personer i arbeidsklær og hjelm står foran en transformatorstasjon med stort turbinhjul l i bakgrunnen.
– Vi leverer eit solid resultat som er basert på effektiv drift. Det gjer at vi kan halda fram med å investera offensivt i framtidas energi og infrastruktur, og i tillegg gi noko tilbake til eigarane og fellesskapet, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik, som her står saman med styreleiar Karl Erik Kjelstad. Foto: Helge Skodvin

Utbyttet skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Totalt bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2025, mellom anna gjennom skattar, avgifter og planlagt utbytte til eigarane.

Stor utdeling til fellesskapet

Foreløpige tal for 2025 viser eit underliggande resultat på 1 741 millionar kroner, noko som er 247 millionar kroner betre enn i 2024.

– Vi leverer eit solid resultat som er basert på effektiv drift. Det gjer at vi kan halda fram med å investera offensivt i framtidas energi og infrastruktur, og i tillegg gi noko tilbake til eigarane og fellesskapet, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik.

70 prosent av overskotet i Eviny går tilbake til eigarane og fellesskapet i form av utbytte.

– Utbyttet aukar frå i fjor, og Eviny held fram med å vera blant selskapa med høgast utdeling til fellesskapet. Med sunn drift i botnen evnar Eviny å satsa offensivt på meir nett, auka kraftproduksjon og lønsam elektrifisering – samstundes som vi sikrar eigarane stabile og høge utbytte, seier styreleiar Karl Erik Kjelstad.

Over 30 prosent vekst i nettinvesteringar

BKK, nettselskapet i Eviny-konsernet, auka investeringane i straumnettet med over 30 prosent i 2025. Av dei samla nettinvesteringane på 1,1 milliardar kroner gjekk halvparten til ny kapasitet. Investeringstakten skal ytterlegare opp i 2026 til 1,3 milliardar kroner. Målet om å dobla nettkapasiteten innan ti år står fast, men føreset at Statnett får på plass ny kraftleidning mellom Samnanger og Kollsnes i tide.

– Auka nettkapasitet er avgjerande for næringsutvikling, arbeidsplassar og vekst på Vestlandet. Samstundes er tryggleik og beredskap blitt stadig viktigare. Derfor investerer vi for å sikra ei robust straumforsyning og styrkt beredskap, seier Fresvik.

Ho understrekar at BKK skal kombinera høgt investeringstempo med effektiv drift.

– Store investeringar vil påverka nettleiga, og då er det avgjerande at vi gjennomfører dei så kostnadseffektivt som mogleg – av omsyn til både konkurransekrafta til næringslivet og økonomien til folk flest, seier Fresvik.

Hurtiglading bidreg positivt

Eviny er ein av dei største aktørane innan lyn- og hurtiglading i Noreg og Sverige, med om lag 2 700 ladepunkt i drift ved utgangen av 2025. Satsinga i Skandinavia gir 75 millionar kroner i inntening før renter, skatt og avskrivingar/nedskrivingar (EBITDA).

– Vi ligg fremst på teknologi og har vesentleg lågare kostnader enn konkurrentane. Det gjer oss godt posisjonert for vidare vekst, seier Fresvik.

Nye vindkraftprosjekt

Eviny produserer årleg rundt 9 TWh kraft, og målet er 2,5 TWh ny produksjon innan 2034 – i hovudsak frå vindkraft. I fjerde kvartal sendte Eviny inn planinitiativ for eit nytt prosjekt i Vindafjord som kan gi 300 GWh, og i dag blir det sendt inn eit nytt planinitiativ for utviding av Guleslettene vindkraftverk med investeringar på 900 millionar kroner og ein produksjonsauke på 175 GWh. Dette kjem i tillegg til tidlegare meldte prosjekt.

– Stabil tilgang på rimeleg kraft har i mange år vore eit viktig konkurransefortrinn for industrien, særleg på Vestlandet. No er kraftoverskotet i ferd med å bli betydeleg redusert. Skal vi unngå meir import og høgare prisar, hastar det med å auka produksjonen i Noreg, seier Fresvik.

Eviny planlegg også nye vasskraftprosjekt som skal gi auka effekt – slik at meir av produksjonen kan skje når behovet er størst. I løpet av første halvår 2026 vil Eviny senda inn konsesjonssøknader for to prosjekt i Samnanger og eitt i Vaksdal.

Normal magasinfylling – lite snø

Eviny produserte 8,1 TWh vasskraft i 2025, mot 7,6 TWh i 2024. Dei fleste av dei 39 vasskraftverka til Eviny ligg i Vest-Noreg (NO5). Gjennomsnittleg områdepris i NO5 var 54,96 øre/kWh i 2025, mot 47,48 øre/kWh i 2024. I Midt-Noreg (NO3) var prisen 24,75 øre/kWh i 2025, mot 32,56 øre/kWh i 2024.

Magasinfyllinga i NO5 var 69,2 prosent ved utgangen av året. Det er på normalt nivå, men lite snø gir eit samla hydrologisk underskot på 2,3 TWh.

[@portabletext/react] Unknown block type "block", specify a component for it in the `components.types` prop
[@portabletext/react] Unknown block type "block", specify a component for it in the `components.types` prop

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler